notícias musicais

top 13 artistas

top 13 musicas

Confira a Letra Mellom Bakkar Og Berg

Ane Brun

Mellom Bakkar Og Berg

Mellom bakkar og berg ut med havet
Heve nordmannen fenge sin heim
Der han sjØlv heve tuftene grave
Og set sjØlv sine hus oppå deim

Han såg ut på dei steinute strender
Det var ingen som der hadde bygt
Lat oss rydja og byggja oss grender
Og så eiga me rudningen trygt

Han såg ut på det bårute havet
Der var ruskut å leggja utpå
Men der leikade fisk nedi kavet
Og den leiken den ville han sjå

Fram på vetteren stundom han tenkte:
Gjev eg var eit varmare land
Men når vårsol I bakkane blenkte
Fekk han hug till si heimlege strand

Og når liene grØnkar som hagar
Når det laver av blommar på strå
Og når netter er ljose som dagar
Kan han ingen stad venare sjå

Mellom bakkar og berg ut med havet
Heve nordmannen fenge sin heim
Der han sjØlv heve tuftene grave
Og set sjØlv sine hus oppå deim

Discografia Tracker